Hardanger Souvenirs

Fabrikkutsalg Hardanger Bestikk, interiør og smykker

Om oss

Hardanger Souvenir AS er ei familiebedrift som starta i 1963.Butikken starta som ein typisk souvenir-butikk og har utvikla seg til å verta ein gåve-og interiørbutikk med litt souvenirar i sommarsesongen.

Me er og fabrikkutsalg for Hardanger Bestikk,og har alle Hardanger Bestikk sine design i butikken.Me har mange gode Hardanger Bestikk kundar frå heile landet.Me sel Hardanger Bestikk til reduserte prisar i høve til rettleiande prisliste.Om sommaren har me bord ute med bestikk i 2.sortering til sterkt reduserte prisar.

Hardanger Souvenir AS ligg i sentrum av Kinsarvik som er ei levande bygd, særleg om sommaren. Det ligg 1 hotel, 2 campingplassar og ein familiepark(Mikkelparken) i sentrum. I sommarsesongen ( skuleferien ) har me ope frå 09.00-22.00 (20.00).

Me er gode på service og sender varer til privatpersonar over heile verda.

Me har klede frå Soaked in Luxury,AneMone og Soulmate, InWear, Mazing og I say.

Kjøp på nett

Me har ingen nettbutikk,men varer kan tingast og sendast.Då må du som kunde betale på forskot eller i oppkrav. Porto og evt. oppkravsgebyr vil koma i tillegg.

Du kan tinge på tlf. 53663192 eller på e-post: butikk@hardanger-souvenir.no

Opningstider:

MÅN - FRE   9 - 22

LAURDAG    9 - 20

SUNDAG     12 - 16

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Omvising på fabrikken til Hardanger Bestikk kan gjerast etter avtale.

For grupper kan butikken og opnast etter avtale.